Attende til heimsida


Diktarverki hans Eindride

Eiter

21.11.2025

Åleina sit eg vantande for venskap
Med hjartat på ein kvist eg gel og græt
Eg strekkjer ut ein arm men utan nytte
Fyr ingen kjem og trøyster meg. Eg lèt
Då kjenslor fløyma ut or tunge tumlar
Fyr hugen hev visst ingi fleir' å gje
I tome salar klyngjer hjarteklokka
I bringepeisen skortar det for ved

Min likam krev no meir enn mat og drykkje
Han meir enn nøre ha i lungo må
Ein mann er meir enn kjøtet, hug må trivast
Og utan samhald kann han neppe nå
Dei måli som han allra helst vil råka
Og strevar mot med von og varsam tru
Men når so von og trui er burtkvorvne
Ja, kva er att av mannen, veit no du?

Er han enno kar og kjøt og menne?
Liver han, hell er han ei maskin?
Som dugelege fylgjer det som hender
Men inkje liv bak blanke augo skin?
Lel veit eg at eg ikkje langt må tøyma
Å finna folk som i meg glytter verd
Men helder røynleg vil eg kunna halda
Ein som dreg meg att frå daudsens sverd.

Einskap skal no ingen lida
Eiter fyr sjæli, då og sidan

målarstykke

16.09.2024

Dette skreiv eg i ei djup hugtyngd.

lereftet er ikkje der
eg litar det fyr di

lereftet er ikkje der
ei verd eg ser fyre meg

lereftet er ikkje der
eg heng det uppå veggen

lereftet er ikkje der
er kje det fint?

lereftet er ikkje der

Rygg

12.12.2021

Eg skreiv dette diktet etter ei foteferd på The Ridgeway, ein rygg i England. Det sviv um Wayland's Smithy, Uffington White Horse, og Dragon Hill.

Du gamle veg! Du var og vender
Grøne eng umsides stende
Volund i si smidja giv
Folkets hestar nye skor

Imillom treom er eg, glytter,
Undrar kven og kor mange føtter
Her heve trade, fyrr meg kome
og kva ho tydde, denna grav

Lange fyre ser eg åsen
Kvithingsten spring or stall og båsen
I tusand år han fast heve lege
Slegen i ved draketopp.

Skjor

06.12.2021

Skjori laugar seg
og lær
Kor kry ho er

Sin prydnad ei måling
Ho flyg undan
Fjørerne enno våte.