Gå: stykki her er av ymsande målhått. Det skal segja at sume er skrivne med betre mål en andre. Datoane er dei dagane eg sende stykkjet åt bladet.
Alt på denne sida er løyvt med CC BY-NC 4.0
Oskisk var eit mål skyldt med latin, tala i Sud-Italia. I 2017 hadde me funne 800 skrifter på oskiskt, og talet er vel større i dag. Frå det me ser av språket vart det trengt undan av latin meir og meir med tid. Me ser ei sein men sikker vending mot latinsk grammatikk og ordformer i seinare skrifter, og litt etter vulkanutbrotet i Pompeii (79 e.Kr.) må målet ha døytt heilt ut. Oskiske ord vart stava på latinsk vis, og, liksom med alle dei andre italiske måli, vart språket heilt uppløyst i berre nokre få hundradår etter romarane kom. No hender det same med norsk.
I 1853 kom Ivar Aasen med fyrste utkastet på eit norskt skriftmål tufta på målføri, i Prøver af Landsmaalet i Norge. Dette målet, som skulde vera for heile landet, og ikkje berre ein einskild landsdel, vart godt teke imot av det norske folket, og 28 år seinare kom Jamstellingsvedtaket som feste landsmål på eit likt nivå med dansk. Dansken som vart skriven i Norig hadde ein norsk dåm i ordval, men all onnor staving var lik med modersproget i Danmark fram til 1907. Fram til i dag hev bokmålet i røyndi brigdt seg lite. Samnorsk gjorde sitt, men det meste vart umgjort i 2005, med berre nokre fåe sideformer som smaug seg inn til normi i dag. Riksmålsrørsla vann fram etter den offentlege samnorskdauden. Det vil segja at den danske skrifttradisjonen er det som bokmålet byggjer på, ikkje den munnlege norske.
Me kann ikkje segja det same um nynorsken. «Samnorskdauden» som Språkrådet og andre skryt av hev, kva enn dei no skulde segja, ikkje brigdt på det norske målet me ser i kvardagen. «Nynorsken» me les i avisone, bøker, og på nettet hev stødt og stendigt anbehetelsar og nyttar norsk-dansk stilgrunnlag som byggjer på latin og ikkje det norske folkemålet. Ja, i dag las eg det nye programmet til Norsk Målungdom um «språk i ein digital kvardag» og der fann eg slike neter som «språkmoglegheiter» og «skriveferdigheitene». Ein kunde lett avløysa desse ordi med å skriva setningane meir rett fram – det vil segja mindre tyskt eller latinskt, eller eventuelt med å bruka norskare ord. Kva er gale med «skriveevnene»? «Språkhøve» eller «målråder»? NMU stend ikkje åleina i gali ordleiding, men dette programmet er eit framifrå døme på korleis norsk, ja landsmålet, er i uppløysing. NMU skal no vera ein organisasjon som «fremjar det nynorske», ikkje sant?
Kann me då kalla dette målet for «nynorsk»? Det verkar som ein ulv i saueham, bokmål med eit nynorskt fyreklæde. Nynorsk er mykje meir enn bokmål med litt ulik staving og nokre «tøffe» ord. Det er eit fullt og sjølvstendigt mål med sin eigen grammatikk, som ikkje må stydja seg på det danske målet som råder i landet. Me kann, so klårt, nytta eitkvart nytt ord som kjem inn, når me ikkje alt hev eit ord for umgripet. Men Aasen sjølv var imot å taka inn slike lange ord som ervde frå den dansk-tydske tradisjonen. Kvi skal me skriva oppmerksomheit eller oppmerksemd når me hev gaum? Erfaring når me hev røynsle?
Språkrådet er ei av dei verste gruppone når det gjeld bokmål i nynorsken. Eg arbeider som sakshandsamar i ein kommune, og fekk melding frå kommunedirektøren at eg ikkje bør bruka norske ord (føremon og ettermon), for politikarane skyna deim ikkje. Då eg sende ein e-post åt Språkrådet og bad um rettleiding på korleis eg kann løysa vandemålet, kom svaret «berre bruk fordel og ulempe, dei er jo nynorskord dei òg!». Nei, Språkrådet. Dei er ikkje nynorskord. Dei er bokmålsord som ein fær skriva på nynorsk. Dei er like mykje «nynorskord» som Schadenfreude er eit «engelskord».
Eg hev von for framtidi, kor enn det ser ut. Jon Fosse, nobellaureat, skriv eit framifrå norsk, utan dansk form og med norske ord og vendingar. Når folk ser godt norsk, merkar dei at det er godt, og gjev det rettkomen vyrdnad. Me gjeng ikkje den same leidi som oskisk. Men eit godt stykkje arbeid må til før me kann stadfesta det. Til dømes kann Noregs Mållag stydja tiltak for å taka vare på tradisjonelle ord, òg frå målføri, der mange ord lett kann verta landsgilde. Me kann styrkja a-infinitiven, og gjeva råd um god ordleiding – ikkje lat deg lura av substantivsykje. Norsk likar helst verb. Fyrst og fremst bør me stydja umsetjingsarbeid i programvara, og tryggja at det vert gjort på norsk vis.
I same programmet frå NMU skriv dei:
Gjennom å laga det same innhaldet på båe skriftspråk sikrar ein at born vert eksponerte for sitt hovudmål, men også har moglegheita til å bytte over til sitt sidemål for eksponering av dette i tillegg.
Ei betre ordleiding lyder soleis, på statsnormi:
Ved å laga det same innhaldet på båe skriftspråka tryggjer ein at born får sjå hovudmålet sitt, men òg har høve til å [eller, kan] skifta til sidemålet sitt for å sjå meir av det òg.
Men elles er ordleidingi i programmet ikkje so gali. Det er fyrst og fremst ordvalet det stend på, og formuvissa. Andre, særleg NRK, er mykje verre.
Nokre siste spursmål til deg som segjer ja til alt frå bokmålet: Kva ser du fyre deg er enden? Skal nynorsken verta eten av bokmålet? Erso det, kvi er du med i målrørsla i heilo?
Eg er fødd og uppalen brite. Eg vaks upp i Wiltshire på randa av ein by, og levde der i 20 år fyrr eg, , etter å ha lært meg norsk i 4 år, kom meg til Noreg for fyrste gong. Då flytta eg til Bergen, og las på universitetet der i eitt år, fyrr eg flytta heim att vart ferdig med studiane mine, og seinare fekk meg jobb som eg jobba i dei neste 2(?) åri. So er me komne til notidi. I dag er eg 24 år og ventar på svar frå Utlendingsdirektoratet um arbeidsløyvefør eg tek til i jobben min i Vesterålen.
Under tidi mi i Bergen byrja eg å skriva nynorsk. Mykje av norsken min lærde eg av ein ven frå Karlsøy i Troms, og dimed fekk eg litt av dialekten hans derifrå. Sterke verb i nynorsk kom mykje nærmare talemåten min, og eg vilde skriva slik eg tala, og nynorsk var då det naturlege valet. Eg skreiv jamvel ein artikkel til Motmæle um det å læra nynorsk som utlending i 2020 (spesifikt i 2.20, um du vil lesa det!) – denne her kann de vel taka som ein uppfylgjar. Sidan den tidi hev det gjenge over 2 år, og meiningane mine hev endra seg litt. Eg vel å skriva etter ei meir konservativ skriveråma en fyrr, etter å ha lese bøker av dei store målmennene – mest Aasen, Hægstad, og Gustav Indrebø.
Ein ven viste meg ei bok ho les for tida, som heiter «Norsk nok», som handlar um identitet og kva det å vera «norsk» skal tyda, skriven av ymse skrivarar med ulike bakgrunnar, som til dømes Abid Raja, Karpe, Ella Marie Hætta Isaksen, Ervin Kohn, og Uma Feed. Ho segjer boki er forvitneleg og velskrivi, og det tvilar eg ikkje på! Ein ting ho merka var at ingenting der var på nynorsk, og då byrja me å røda um korleis nynorsk kjem inn i bilætet. Me er begge to innvandrarar som lever i den skoddefulle, umisjamne verdi der det kann vera vandt å vita um ein er «norsk» eller ikkje, og me er begge to nynorskskrivande, so det vart kjapt livleg.
Røynsla mi, som utlending som kom inn i norskdomen berre no nyst, er at det verkar rart at so mange held på kolonimålet dansk (um enn det er «norskifisert»), helder enn å byta til eit skriftmål bygt på norsk grunn. Kvifor er det slik? Er det ein etterkolonialistisk tankegang som gjer at ein vil halda på dei gamle maktsbygnadene, vyrda og aga dei gamle styresmaktene og det som kom med deim? Eller er det berre at folk ikkje fær lært god nynorsk i skulen, at lærarane kjem med fordomar og trongsynt uvilje i klasseromet? Svaret er vel litt av kvart.
Eg hev funne at akkurat denne spurningi – um kvifor bokmålet råder – endå det erver beint og plent frå dansk – er ei som kann vekkja uro i hugen åt mang ein nordmann. Eg hev fenge stugge meldingar dei gongene eg hev uttrykt meiningane mine (ikkje av dei fine lesarane i Motmæle, men folk ute i verdi), som sagde at eg ikkje fær ha slike tankar, sidan eg er brite. Eller at det å spyrja desse spurningane er vanvyrdsleg imot dei som skriv bokmål. Eller jamvel at det å nemna soga åt bokmål i seg sjølv er fornærmande. Ordet «koloni» vert visst sét på som nedsetjande. Men er desse hevdingane sanne? Er eg norsk nok til å få ha eit synspunkt her?
Men um eg ikkje spør, kven gjer det? Korleis kann eg få vita kva det skal tyda å vera «norsk»? Kven er eg, og hev meiningane og røynslone mine lik verd som deim åt nordmenn som hev vakse upp i det norske systemet?
Eg meiner eg er norsk, i alle fall. Um du ikkje er samd, greitt nok. Men eg et vaflane mine med brunost og syltety som Ola Nordmann, eg.
Nyleg fann eg på ei liti bok som eg hev trivest mykje med, som heiter Folketru og Folkeliv på Hålogaland II, av Johan Hveding. Boki vart gjevi ut i 1944 av Norsk Folkeminnelag, og di ho kom ut under krigen hev ho ikkje likaste utsjånad – eg laut til dømes nytta papirkniv for å skilja sidone frå kvarandre. Men ein må ikkje døma ei bok etter umslaget, og det segjer eg bokstaveleg her. I sine 103 sidor inneheld boki ein rikdom av seder og folketruer frå fyrre hundradår. Her greider eg sume av deim for dykk!
Huldrefolki vart til då eit kvinnfolk med mange born såg at Jesus skulle koma på vitjing hjå henne. Huset hennar var rotut, og ho hadde ikkje tidi for å kleda alle ungane so langt det rakk. Men det vart to born att – ei gjenta og ein gut. Deim putta ho ned i kjellaren, og der skulde dei vera fram til gjesten var gått. Då Jesus kom fram, spurde han kvinnfolket kvar dei to vantande borna var. Ho svara at ho ikkje hadde fleire, men Jesus visste at ho laug. «Mor», sa han, «når borna ikkje er gode nok for meg å sjå, so er dei ikkje gode nok for nokon annan heller. No skal dei to borna dine verta verande under jorda og aldri meir få bu i dagsens ljos.» Soleis vart det, og frå dei ættar huldrefolket.
Ein måtte akta seg og vera varsam kring huldrefolket, for dei kunde lett verta sinte og hemna seg på folk eller fe dersom ein arbeidde for lenge utyver kveldane. Dei lika det stilt då, og ein skulde ansa på at borna var inne i god tid.
Dei heldt til i haugane, og dei som hadde set dei sa at dei var småe på skap og alltid kledde i blått. Dei hadde buskap nett som menneski, men helst var det bukkar og geiter dei hadde. Var nokon heppen nok for å kasta stål yver eit huldrekrøter, so fanga han det – men det var den einaste måten å få tak i huldrebuskapen på.
Det gjeng fleire fråsegner um folk som laut flytja fjøs eller hybel etter dei fær ein draum frå eit huldrefolk. Væte dryp igjenom jordi inn til huldrestova. Han som ikkje fylgjer dette bodet, mislukkast.
Havfolki varsla um vêr. Ein kunde ofte sjå at dei var ute og gjekk, eller at dei gol ned på strandi fyrr eit uvêr. Dersom ein såg eit havfolk, trong ein aldri vera redd. Dei gjekk alltid same vegen, og var ingen fåre for manneætt. Derimot lyt ein vera redd um ein ikkje fylgde ei enkel råd: høyrer ein rop, skal ein ikkje ute og ror.
Det gjeng ei segn um kvi håløygar ritar ein kross på båtane sine. Desse varde naust eller båtar mot draugen (på Senjamål ut. dråg). Draugen såg ut som ein lågvoksen mann i fullt sjøhyre; men han var overvoksen med tang eller tare. Han varsla um ulukker eller mannedaude på sjøen. Ofte var han å sjå i båtane um ein sjølv sat attmed. Han flytta seg frå rom til rom og peika ut kven som skulde gå åt (døy på sjøen).
Ein høvesmann sat i atterromet på båten sin og skar agn ein kveld. Best som det var, fekk han sjå ein draug i framskoten. Draugen kom attyver skrevande, og for kvart rom han kom til, sa han: «Her høver det ikkje! Her høver det ikkje!». Men då han kom til agnbeten sa han: «Her høver det!» «Ja, høver det for deg, so høver det for meg òg,» sa høvesmannen, og sette agnsaksa gjenom draugen og ned i beten. Draugen vart verande der um kvelden med kniven i seg. Neste morgon kom dei ned til båten. Draugen var burt, og det var berre ei bruskeplata fast millom kniven og agnbeten. Dette skalkestykke kosta mannen livet um nokre år.
Fyrr poteta kom til Noreg var det byggkorn som var mest å eta. Det var umissande, der rug og havre ikkje yverlevde dei harde vetrane i dei nørdste lutene. Skulde folket halda seg med gongmat, laut dei ha rug, som dei bytte til seg hjå bergenskjøpmennene eller russane.
Dei vanlegaste måltider var soleis:
Fall burt um sundagane. Brød (kaka eller omnsbrød), heimesmør, eit eller anna slag ost, mjølk eller karvi-te med mjølk i (kaffi vart lite nytta på landsbygda heilt upp til 1880-åri).
Alltid eit fast mjølkemål. Mjølka var oftast åleine suvlet til matmålet; smøret rakk ikkje til. Mjølmaten skifte millom flatbrød, skjerpakavring, omnsbrød eller kaka.
Til middagen var hovudmaten fisk, sild eller kjøt. Av fisk hadde dei til vanleg å velja millom fersk, stråla eller speken. Til ferskfiskmålet var det rogn då rogn var å få, men lever var det alltid – og mykje av ho. Henne kunde ein laga mykje av – levermylja, leverklining, kams og levermage. Ein mangesidig og kraftig rett, som serleg dei vaksne karmennene sette pris på. Til strålafisken var det feitt eller saus av eit eller anna slag. Steikt fisk var lite kjend.
Suppamaten til middagsmålet var fiskesodd til ferskfisken. Sildesodd vart sjeldan koka. Til stråla- eller spekemat var det suppa av bygg-gryn eller byggmjøl, som var koka i mjølk eller vatn. Kjøt var serleg sundagsmaten. Det vart sjeldan nytta av bøndene fleire enn to gonger i veka.
Kaffi med brunsukker var eit slag fast mål eit par timar etter middagsmaten, blanda sterkt ut med byggkorn når dei brende han. Dersom det skulde vera noko «kvitt i kaffien», var det jamnast ferskmjølk.
Surmjølk, heimesmør, ost, flatbrød, skjerpakavring, omnsbrød eller kaka. Med kvart rømmekolla. Ofte bær i mjølka: moltbær, blåbær, tytebær, og stundom krøkjebær.
Alltid byggmjølsgraut, med saup eller mjølk til drygsla mauket. Suvlet var mjølk og sirup. Sume tider var det eit smørauga i grauten.
Det er mykje godt å finna i fyretida, som snart vert gløymd dersom me ikkje gjer det me kan for å verja minni. Finn deg ei bygdebok, eller ei bok um lokale folkeliv, og les litt um korso ting var fyrr!
Som ein klart kan sjå frå namnet mitt er eg utlending, med engelsk som morsmål. Eg byrja å lære norsk for snart 6 år sidan av di eg ville lese dei norrøne sogene på eit språk nærmare det dei var skrivne på. Det såg ut som om det var fleire nettsider eg kunne bruke for å bli heilt flytande – duolingo, babbel, memrise osb. Men ein ting mangla. Ein ting som førte til at eg ikkje skjønna kva dei fleste sa til meg. Eg forsto berre folk frå Oslo fram til det tredje året, då eg byrja å lære dialekten frå Karlsøy kommune, Nord-Troms. Eg kunne skriftleg norsk no, tykte eg, så munnleg norsk skulle bli enkelt.
Det tok meg rundt to år til før eg såg korso eg sleit så mykje – systemet eg hadde skrive på heile tida var ikkje i samsvar med det munnlege. Eg sa «dokker» men måtte skrive «dere». Ei setning som «æ blir å gjære de men må fare heim att først» måtte eg skrive «Jeg kommer til å gjøre det men må dra hjem først». Så klart veit eg om radikalt bokmål no, men det gjorde eg ikkje då!
På den tida hadde eg nett starta eit utvekslingsår i Bergen ved universitetet, og i første semesteret tok eg ein kurs med namnet «Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 3». Trass i namnet var heile kursen på munnleg og skriftleg bokmål. Og det hadde vi ikkje noko val om. Ein av timane handla om nynorsk. Vi lærte korso dei to skriftspråka var forskjellig, og korso bokmål ættar frå dansk mens nynorsk blei grunnlagd på dialektane. Plutseleg klikka noko i hugen. Det var då eg sette meg føre å skrive på nynorsk. Det var ikkje lett – eg måtte gjere alt aleine gjennom bokmål – men eg klarte det.
Etter alt dette, såg eg at eksamenen var berre på bokmål, og det var ikkje noko eg kunne endre. «Det går greitt,» tenkte eg, «det gjeld berre hausten. Eg får ha eksamen på nynorsk på trinn 4 i vår!» Det fekk eg ikkje. Trinn 4, det som går vidare enn det ein må vite for å studere på eit norsk universitet, var òg berre på bokmål. Dette verka urettferdig. Eg trudde skriftspråka var jamstilt. Men det såg ut som om det berre galdt blant nordmenn, ikkje lærlingar som eg.
Det er verd å seie at dette var ikkje første gong eg høyrde om nynorsk. Eg blei med i ein Discord-tenar som heitte English-Norwegian Language Exchange sommar 2016, og der var det fleire som skreiv på nynorsk. Eg kunne lese han langt før eg bytte hovudmål, men å skrive han var noko heilt anna. Nokre få år seinare, og no eig eg (etter litt drama) ein tenar som heiter Norwegian-English Language Learning Exchange (NELLE), der mange nybyrjarar får ei liknande erfaring til det eg hadde før. Dei fleste lærer seg bokmål, sidan alle ressursane er engelsk-bokmål. Ingenting på nynorsk. Fleire vil lære nynorsk, men fleire er redd på grunn av mytar og ein mangel av ressursar på eit språk dei kan.
Eg spurde nokre av dei kva dei meiner om nynorsk, og svara eg fekk synte fram det same biletet eg fekk då eg starta.
Meldinga er klar. Nynorsk er skremmande for dei. Ingen får lære nynorsk med mindre dei kan bokmål først. Nokre vil ikkje lære nynorsk sidan det ikkje verkar nyttig. Verda ser på bokmål som den einaste forma for norsk, eller den viktigaste. Nynorsk er berre noko på sida. Ein kan gløyme det.
Om vi strir for jamstilling, burde ikkje ressursane vere på begge språk? Eg meiner første steget blir nok å kjempe for ein Duolingo-kurs på nynorsk. Fleire har spurt, men ikkje noko svar har komme. Lat oss lære bort vårt mål!