Attende til heimsida


Framlegg for Høgnorsk Tengwarmodus

av Eindride Snjóramn Rådbode, v. 2024-02-18


Denne modusen tek mykje inngivnad ifrå Deutscher Tengwar Modus av Christian Thalmann og Att skriva svenska med tengwar av Per Lindberg.

  1. Innleiding
  2. Norsk ljodlæra
  3. Tengwar i yversjon
  4. Norske ljod i tengwar - medljodi
  5. Norske ljod i tengwar - sjølvljodi
  6. Skiljeteikn og ymist annat
  7. Døme

Innleiding

Tengwar (eintal: tengwa) er dei gilde skriftteikni som JRR Tolkien lagade til alvane i bokheimen sin. Dei er logiskt uppsette og godt eignade til å skriva ulike mål, so lenge målet ikkje hev tonem. I fortidi hev mange lagat ulike modi til tengwar. Tolkien sjølv skreiv dei alviske måli, engelsk, gamalengelsk, og gamalnorsk på tengwar, og seinare hev andre komet med sine eigne modus-framlegg. Her kann ein lesa meir um tengwar. (sida på engelsk).

Tengwar er både greide og fagre, og eg gjeng ut for å laga denne modusen med same grunnhåtten.

Norsk ljodlæra

For å byggja eit tengwar-modus må ein byrja med ljodlæra i målet ein lagar moduset til. Eg tek inngivnad frå Mållekken her, sidan dei hev klåraste utgreiding eg kjenner til. Me byrjar med sjølvljodi. Fylgjande er teken mest beint ifrå Mållekken:

Høgnorskt mål er serleg rikt på sjølvljod. Den underliggjande bygnaden i høgnorsken hev éi trong og éi opi utgåva av i, y, e, u, og o. For ø, som eingong havde denne skilnaden, er det no mest burtfallen. Dessutan kjem a, å, æ som ikkje skil seg i slike håttkløyvingar. Endeleg hev me det veike [ə], schwa, som berre finst i endingar og andre utyngde stavingar.

I tillegg hev høgnorskt mål 3 vanlege tviljod, ei, au, og øy.

Medljodi kann me setja upp i ei tavla:

Medljodi i høgnorskt mål

Tvilippe- Tannlippe- Tann- Attbjugt- Himne- Bakgoms- Barke-
Naseljod m n ng
Stengeljod p / b t / d k / g
Gnike-/Kvisleljod f s / [ð] sj kj / gj h
Næmeljod (sidelagt) v l j
Rulleljod r

Elles kann sume målføre få samlæte, der tvo eller fleire medljod fylgjer etter einannan og brigder til eitt etter faste mynster. Medan detta er til interessa for norsk ljodlæra, er det ikkje nokot me treng taka med i høgnorsk-tengwar; i staden kann me berre skriva dei tvo tengwane attmed einannan liksom me gjerer med det vanlege alfabetet.

Tengwar i yversjon

Flestalle medljodi i tengwane kann verta sette upp i ei tavla med 6 "grad" og 4 "témar". Dessutan kjem 15 fleire tengwar som ikkje vert sette upp.

Tincotéma Parmatéma Calmatéma Quessetéma
I

1

Tinco

q

Parma

a

Calma

z

Quesse

II

2

Ando

w

Umbar

s

Anga

x

Ungwe

III

3

Súlë

e

Formen

d

Aha

c

Hwesta

IV

4

Anto

r

Ampa

f

Anca

v

Unque

V

5

Númen

t

Malta

g

Noldo

b

Nwalme

VI

6

Óre

y

Vala

h

Anna

n

Vilya

7

Rómen

u

Arda

j

Lambe

m

Alda

8

Silme

i

Silme nuquerna

k

Essë

,

Essë nuquerna

9

Hyarmen

l

Yanta

o

Hwesta Sindarinwa

.

Úrë

½

Halla

`

Telco

~

Ára

Desse teikni er sette upp på ein vis som lett gjerer det synlegt korleis kvart ljod vert uttalat. Kvar "grad" er same ljodkynd, og kvar "téma" er same stad i munnen. Til dømes, på quenyamodus Tolkien skreiv upp, skal Telco, Parma, Calma og Quesse standa for /t/, /p/, /k/ og /kw/, det vil segja engelsk <qu>. Likavel ikkje témane standa for desse fire munnplasseringane, og i andre modi (tydsk, svensk, engelsk) gjerer dei ikkje det. På same vis er ljodkyndene speglade av gradene soleis:

  1. Urøystat stengeljod, /p/
  2. Røystat stengeljod, /b/
  3. Urøystat kvisleljod, /f/
  4. Røystat kvisleljod, /v/
  5. Røystat naseljod, /m/
  6. Urøystat naseljod, /hm/

Sjølvljodi stend yver medljodi dei fylgjer, soleides:

9êx5^78z

høgnorsk

Sjølvljodi på tengwar er mangt og ymsande. Me dekkjer dei som me treng til høgnorsk i neste bolk.

Norske ljod i tengwar

Medljodi

Som me alt hev sét, stend dei 4 témane for ulike stader i munnen, og gradene for ulike ljodkynder. På andre modi for germanske mål som engelsk, tydsk, og svensk, vert ikkje dei "tradisjonelle" eller "sedvanlege" formene nyttade; i staden fær me velja sjølv kva for stader og kynder desse skal standa for.

Norsk og svensk hev temmeleg like ljodlæror, og dimed styd eg meg på verket åt Per Lindberg med detta framlegget, i alle høve for medljodi.

Tincotéma Parmatéma Calmatéma Quessetéma
I

1

t

q

p

a

kj

z

k

II

2

d

w

b

s

gj

x

g

III

3

-

e

f

d

sj

c

-

IV

4

ð

r

v

f

-

v

-

V

5

n

t

m

g

-

b

ng

VI

6

nd

y

-

h

j

n

-

7

r

u

rd

j

l

m

ld

8

s

i

s

k

-

,

-

9

h

l

-

o

kv

.

-

Halla er unyttad, og Telco og Ára vert nyttat for opne og tronge sjølvljod utan medljod fyrre, nokot me fær sjå nøgnare på etter kvart.

Ikkje få av medljodi på tavlone stend i kursiv skrift. Desse er valfrie teikn som kann verta nyttat for å skriva eitt teikn og ikkje tvo. Eit atterhald er ð, som stend for stum d. Ein fær skriva anten Anto eller Ando (det er, vanleg d) for detta.

Hwesta Sindarinwa for /kv/ (eller, rettare, gamalnorsk /hv/) kann verta nyttat for å spegla ymsingi millom målføri med detta ljodet.

Eg vel å setja /kj/ og /gj/ i gradene I og II for å gjeva rom for /sj/ i grad III, jamvel desse ljodi jamnast er kvisleljod i målføri.

Eit strik yver tengwan syner at han er tvifelt, t.d. ll, mm, nn osb. Ein kann òg nytta Essë (nuquerna) til tvifelt s. NB. DETTE BRYT MED DET VANLEGE I ANDRE MODI

Sjølvljodi

Norsk er eit sjølvljodsrikt mål. Der finst få mål i heile verdi som kan tevla med oss på det. Etter Mållekken hev me heile 14, pluss schwa, pluss 3 tviljod. Desse lyt alle få eigne "tehtar".

I høgnorsk modus skal kvar tehta standa yver medljoden som kjem fyre seg i "vanleg" norsk skrift.

Medan svensktengwane nyttar medljodi fint, er eg ikkje so glad i sjølvljodi der. Difyre styd eg meg helder på Deutsche Tengwar av Christian Thalmann her.

Målet som Tolkien fyrst nyttade Tengwar til, var Quenya, eit alvespråk. Dette målet hev 5 sjølvljod, som ser ut soleides. Kvar tehta stend yver Númen, sidan tehtar er diakritiske og kann ikkje standa åleine.

a e i o u
5# 5$ 5% 5^ 5&

Dette er ein god stad å taka til frå, men som eg alt hev nemnt treng me fleire sjølvljod. Dei andre "grunnsjølvljod" på norsk er y, æ, ø og å, og i tillegg må me skriva schwa og tviljod og skilja opne og tronge ljod.

Schwa kann me lettvint skriva med same tehtaen me brukar til e, slik det er med latinske bokstavar.

Christian Thalmann legg fram fylgjande tehtar for tydsk ä, ö, ü og eg tykkjer dei høver til norsk æ, ø, y:

æ ø y

Til å legg eg fram at me nyttar a-tehta under tengwane:

å

Til tviljod fylgjer eg Thalmann endå ein gong, og nyttar Yanta til stigande tviljod og Úrë til søkkande, soleides:

au ei øy
.E lR

Til slutt kann eg nemna ein rimeleg måte å visa fram tronge og opne sjølvljod. Dette er valfritt, men kan vera til gagns i sume høve, jf. norsk lèt (ope, notid) mot lét (trongt, fyrrtid), fòr (ope, renne i jordi) mot fór (trongt, fyrrtid av å fara).

Telco og Ára høver temmeleg godt til dette når det ikkje stend eit medljod fyre sjølvljodet, med Telco nyttade til opne og Ára til tronge sjølvljod. Dersom ein ikkje vel å syna tronge og opne sjølvljod kan ein nytta korgje tengwa, men ein skal helst ikkje blanda i same teksten.

Når sjølvljodet fylgjer eit medljod, kan ein setja eit strik under tengwan for å syna fram at det er trongt, soleides:

j$1= eH7

lèt, fòr

j$¸1= eH'7

lét, fór

Skiljeteikn og ymist annat

Høgnorskmodusen nyttar alle dei same skiljeteikni som dei andre germanske måli, medreikna deim Tolkien nyttade sjølv på engelsk. Her skriv eg "Hei" fyre (eller i) alle teikni.

Komma, Punkt. Spyrjeteikn? Ropeteikn! Semikolon; Kolon: (Parentes) «Hermeteikn»*
9lR= 9lR- 9lRÀ 9lRÁ 9lR\ 9lR¬ ›9lR› «9lR»

*Hermeteikn etter Chris McKay, ikkje funnet hjå Tolkien

Ein kan i tillegg nytta dette teiknet (eller andre dilikt) til å enda ein tekst, reint kunstnarlegt, slik som Tolkien gjorde i Ringdiktet:

-Â

Andre teikn fær lesaren finna på sjølv - det er litet å stydja seg på i bokheimen.

Døme

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.”

Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

t%j{^t w#z[E7 `Nx w$7x ~M1 t$4 9Dr$1
9Fr$ 5^ut#5{$5 eFb$1 iT5 9lRt=
2$7 9D5 déjr 9Fr$ 1Ue1R75# x7Er$1
`Nx iR1[ déjr iT5$ 9J'8 `Mq[Ò 2lRt-

9D5 8Ñx ~M1 qÒ 2lR 81lR5&1[$ 817R6R7\
2$1 r#7 `Bb$5= iYt 2$7 9D2{$ wÔx1-
«j#1 `Nk 7Õ2hE `Nx wÔs{# `Nk x7R6R7=
`Nx iY lRx# t$ 7U25%b$5 17Õx1-»

9D5 8Ñx ~M1 qÒ 2$1 wÐ7U1[R 9Dr$1\
2$7 r#7 7U8zU1[ `Ó j$s{# ~M1 qÒ\
t$5 2$7 jlRzE4$ eG8z 5$4 ~B zEr$1=
`Nx 2$5 jlRzR5 2$5 r%m$ 9D5 dÑ-

e7Et qÒ r$1[R7R5 81U6Yt 9D5 1R5z1R¬
s%r ~Vx r#7 ~B lR1 r#7t#7R j#6Á
t$5 5Ð7 rÐ7iY'j ~B w#z[E75$ wj$5z1$=
eFz[ 9D5 9Jx 1Tj iT' 9lRtj$x$ 817E6-

`Nx 5Ð7 j%¸4$75# x7é5zE iYt 9Dx#7=
5Ð7 2$7 j#r$7 `Cr wjY¸t#7 qÒ 817Ó=
`Nx 5Ð7 5Ø1R7 `V7 jhY'iE iYt 2#x#7=
zE5{ 9D5 `Bb$581E4 rØ5#7R dÑ-Â



Til toppen